Kjøp av tomt i Tysnes kommune

For kjøp av tomt i Tysnes kommune gjeld følgjande rettningsliner.

Einebustadtomtene er øyremerket for private personar som vil etablere seg og bu på tomtene. Tomtene som er øyremerket til fleirfamiliehus kan kjøpast av private personar som vil samarbeida om å etablera seg og bu på tomtene, eller av firma som vil etablere husvære for sal eller utleige i den frie marknaden, til personar som vil busetja seg i feltet. Det er ikkje høve til å tilretteleggja tomter i bustadfeltet til hytte– eller fritidsføremål. Sjå elles vilkåra i reguleringsføresegner og bestemmelse om byggjefrist.

For søknad skal det brukast søknadsskjema som ein finn i menyen til høgre..