Helsestasjon

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til jenter og gutar i alderen, 13 til 23 år. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje å ha avtalt tid.

Tysnes helsestasjon har ope kvar torsdag kl 14.00-16.00. Du treng ingen timebestilling, og kan berre møte opp i lokala på Rådhuset.

For spørsmål eller andre henvendingar, kan me nåast på tlf. 53 43 70 86 / 415 61 740

 

Her kan du snakke om ulike tema, mellom anna:

  • Spørsmål om kroppen/vekt

  • Prevensjon

  • Problem på skulen

  • Er du trist eller einsam

  • Menstruasjon

  • Seksualitet

  • Parforhold

  • Graviditet

  • Vonde opplevingar/mobbing

  • Konfliktar i familien

  • Klamydiatest og prøver på kjønnssjukdommar

  • Samtale/prating utan at det er noko spesielt

Me har teieplikt.

 

Helsestasjonen føl skuleruta, og held stengt i skuleferiane. 

Kontakt oss

Helsestasjon

Telefon: 53437086

Telefax: 53437081

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal