Vågsmarka byggjefelt

Byggjefelt i Våge

Våge er handelssenteret i kommunen.  M.a. er her sparebank, bilverkstad, 2 frisørsalongar, Bladet Tysnes sin redaksjon, restaurant, tannlege, installatørfirma, trelasthandel og industriføretak.   Her finn du og ferjekai for sambandet Haljem - Våge, samt gjestebryggje.  Innanfor oppvekst og omsorg, er det barnehage, trygde- og omsorgsbustader, servicebustader for psykisk utviklingshemma og barne- og ungdomsskule.  Av kulturelle bygg er det ungdomshus, bedehus, kyrkje og fleirbrukshall.


8 ledige tomter i Vågsmarka VI

Tysnes kommune har tilrettelagde bustadtomter for sal i nytt bustadfelt Vågsmarka VI. Til kvar tomt er det ført fram veg, vatn, avløp, straum og breiband. I tillegg er det tilrettelagt planert areal til leikeplass/ballplass. Storleiken på tomtene varierer mellom rundt 900-1700 m2.

Tomtene  6, 7, 20, 21, 22, 26, 28 og 29 er ledige. Sjå plankart.