Kattaland byggjefelt

Byggjefelt i Lunde

Dette området strekkjer seg frå Lukksund til Humlevik.  Bygda har m.a. eige idrettslag med lagshus og grasbane. Av kulturelle bygg, nemner me bedehus og ungdomshus.  Bygda soknar til Tysnes kyrkje.

6 ledige tomter i nytt byggjefelt Kattaland

Tomtefeltet ligg nær Lunde senter med kort avstand til butikk og barnehage. Det er ca. 9 km til Våge, som er kommunen sitt handelssenter. Tysneshallen og Tysnes skule med mellom- og ungdomssteg er lokalisert på Gjerstad, ca. 1 km frå Våge.

Feltet er solrikt og har nydeleg utsikt over Lundebygda, fjellheimen mot Såta og mot sjøen i Humlevik.

Einebustadtomtene  5, 6, 7 og 8 er ledige.  Sjå plankart.

Fleirmannsbustadtomtene 1 og 2 er ledige. Sjå plankart.