Stjernereiso barnehage
Stjernereiso barnehage er ein 5 avdelingsbarnehage med 96 plassar. Barnehagen ligg ved sida av Uggdal skule, som gjer til at overgangen mellom barnehage og skule ikkje vert for stor.
Barnehagen ligg med skogsområder på alle kantar. Skogen, og områda rundt barnehagen vert flittig nytta av alle avdelingane. Me har og ein Lavvo i gangaavstand til barnehagen, denne vert mest nytta av borna frå 3 år og oppover og er kome til som ein del av barnehagen si utegruppe.
Samarbeidsutvalget
Vår Kommune rep er Anne Merete Fjeldstad Foreldrerepresentantar er Maria Therese Alvalos - Rønneseth Hilde Marie Flakke Vara /Yngve Vevatne