
Står du i manntalet?
Manntalet for Tysnes kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn frå 12. juli til og med valdagen.
Manntalet er ein oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet.
Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn frå 12. juli til og med valdagen. Du kan henvende deg i resepsjonen på rådhuset eller ta kontakt på tlf. 53 43 70 00 for meir informasjon.
Dersom du meinar at du eller nokon annan er uriktig innført eller utelaten frå manntalet, kan du krevja at feilen vert retta opp. Kravet skal vere skriftleg og sendast til Valstyret i Tysnes: post@tysnes.kommune.no eller pr post til Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal. Les meir om kva du skal gjere dersom du ikkje finn deg i manntalet eller oppdagar feil: her.