På Tysnes er det 3 skular.

Onarheim skule med elevar frå 1. - 7. klasse.
Uggdal skule har elevar frå 1. til 4. trinn. 
Tysnes skule har elevar frå 5. til 10. klasse.

På ungdomssteget, som samlar elevar frå heile kommunen, er det to klassar på kvart steg. Sidan fleire av skulane har eit relativt stort opptaksområde, er det mange elevar som treng skuleskyss i kommunen.                                                                    .

Opplæringslova gjev rett til skuleskyss for alle elevane i grunnskulen som har meir enn 4 km skuleveg. For 1. klassingane er grensa sett til 2 km.

I tillegg til dette praktiserer Tysnes kommune å gje fri skuleskyss til elevar i småskulen når dei har meir enn 3 km skuleveg.

Lenkjer til heimesidene til skulane:

Tysnes skule 

Onarheim skule

Uggdal skule