Ved alvorleg sjukdom eller skader ring Medisinsk Nødtelefon, 113.

Det er viktig at innringjar gjev nøyaktige opplysningar om kvar pasienten eller ulukka er, samt telefonnummer ein ringjer frå, telefonnummer, adresse og kommune.

Sjukepleiar på Medisinsk Nødtelefon 113 vurderer henvendinga og sender til dømes lege, ambulanse eller evt. brannmannskap.

Sjukepleiarane vil halda kontakt med innringjar, gje medisinske råd og vera ei støtte til anna helsepersonell kjem til staden.

Legevakta / straks-hjelp heile døgnet: 116117

Publikumsnummer der ein og kan nå legevaktsentralen sjølv om ein evt oppheld seg i andre distrikt: 53456140

Alle som ringjer til legevaktsentralen kjem i kontakt med sjukepleiar.

AMK-sentralen er oppdatert i høve til kva lege som har vakt og telefonnummer for å koma i kontakt med vedkomande.

For at AMK-sjukepleiaren skal gjere ei medisinsk vurdering og yta god og trygg service er ho / han avhengig av at du som innringjar / pasient gjev så gode og nøyaktige opplysningar som mogeleg.

Du må oppgje:

  • Namn
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • Fødselsdato
  • Kort presentasjon av problemstillinga.

All kontakt til Medisink Nødtelefon 113 og Tysnes Legevakt 116117 blir vurderte etter Norsk Indeks for Medisinsk Naudhjelp (hastegradsrespons).

Ringjer ein frå fast hustelefon, vil AMK-sentralen få ei geografisk oppringingsmarkering inn på sine kart, altså ei markering av staden ein ringjer frå.

Organisering av legevaktarbeidet.

Ein freistar så langt det er mogeleg å få til ei ordning der den som har bedt om legehjelp vil legevakttelefonen 116117, kjem til Tysnes legekontor sine lokale også utanom kontortid. Her har vi meir utstyr og tilhøva ligg betre til rette for behandling enn om legen skulle dra heim til pasienten slik ein gjorde tidlegare. Er det snakk om straks-hjelp vil sjølvsagt legen som har vakt vurdera situasjonen og dra ut dersom det er mest fornuftig.