Byggjefelt i Tysnes kommune

OBS! FOR ALLE PRIVATPERSONAR SOM KJØPER TOMT I TYSNES KOMMUNE ER DET AVSLAG I PRIS PÅ ALLE TOMTAR MED KR. 100.000,- I FORHOLD TIL PRISAR OPPGJEVNE I PRISLISTA.

Kommunalt opparbeidde bustadfelt med ledige tomter, finn du i Våge og Lunde.  Felles for felta, er at dei har ei sentral og fin plassering i landlege omgjevnader med god utsikt i dei ulike bygdelaga.

Nedanfor vil me presentera bygdene med dei forskjellige felta og me vil også gjera vårt beste til å ha oppdatert oversikt over kva tomter som er ledige.  Me gjer dykk merksame på at sida vil vera noko mangelfull no, medan dette arbeidet pågår.

Søknader om kjøp av ledige tomter, vert handsama i den rekkjefølgje dei vert mottekne.

Våge

Våge er handelssenteret i kommunen.  M.a. er her sparebank, bilverkstad, 2 frisørsalongar, Bladet Tysnes sin redaksjon, restaurant, tannlege, installatørfirma, trelasthandel og industriføretak.   Her finn du og ferjekai for sambandet Haljem - Våge, samt gjestebryggje.  Innanfor oppvekst og omsorg, er det barnehage, trygde- og omsorgsbustader, servicebustader for psykisk utviklingshemma og barne- og ungdomsskule.  Av kulturelle bygg er det ungdomshus, bedehus, kyrkje og fleirbrukshall.


Lunde

Dette området strekkjer seg frå Lukksund til Humlevik.  Bygda har m.a. eige idrettslag med lagshus og grasbane. Av kulturelle bygg, nemner me bedehus og ungdomshus.  Bygda soknar til Tysnes kyrkje.