Når me tel med store og små, er me i dag 2.800 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Men me har plass til fleire. Vaksne og ungar. Gründarar, småbrukarar, lærarar, sjukepleiarar, oljearbeidarar, - alle er velkomne!

På Tysnes finn du mellom anna:

  • Eit aukande antall bedrifter og arbeidsplasser

  • Kring 10.000 innbyggjarar sommarhalvåret og 2.800 vinterhalvåret

  • Du finn det du treng av gode matbutikkar, kortreist mat og ein fantastisk lokal restaurant i Haaheim Gaard – medlem av De Historiske Hoteller

  • Kommunale og private tomteareal

  • Flotte friluftsareal med toppturar til Tysnessåto som eitt av fleire høgdepunkt

  • Aktivt lokalmiljø med fleire idrettsanlegg

  • Mange aktive lag og organisasjonar – blant dei eit musikklag i noregstoppen

  • Tysnesfest i juli kvart år, med over 20.000 besøkande

Slik kjem du til Tysnes:

  • Ferje frå Halhjem i Os (reisetid 35 minutt) – reisetid til Flesland 1 time

  • Tysnes er knytt til fastlandet med bru over Lukksund til Fusa – cirka 1,5 time frå Flesland

  • Ferje frå Stord – 10 minutt

  • Ferje frå Huglo – 10 minutt

  • Snøggbåt Bergen-Flesland-Malkenes

  • Snøggbåt Os-Reksteren-Våge