Eldrerådet i Tysnes har følgjande medlemer:
Medlemer: | Varamedlemer: | |
E-post adresser:
Anders Teigen frå kommuneadministrasjonen er referen, anders.teigen@tysnes.kommune.no
Oppgåver for eldrerådet:
Hovudoppgåve: Gi uttale til kommunen i ”alle saker som gjeld levekåra for eldre”.
Eldrerådet har berre rådgivande funksjon og uttalerett, og kan ikkje avgjera saker.
Som døme kan nemnast:
- Årsbudsjett/økonomiplanar
- Kommune-/fylkesplanar
- Tiltak og planar i helse- og sosialsektoren
- Idretts- og kulturtiltak
- Bustadbygging og reguleringssaker
- Samferdsels- og kommunikasjonsplanar.
Eldrerådet kan også ta opp eigne saker, og treng såleis innspel frå andre i kommunen.