• For å nytte eDialog må du logge inn med til dømes bankID
  • Data blir overført sikkert og kryptert
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Dokument vert sendt elektronisk og kjem direkte inn i vårt system
  • Me sparar tid på postgang og postregistrering

Du kan nytte eDialog om du

  • skal sende post med konfidensielle opplysningar
  • skal sende dokument til ei eksisterande sak
  • skal sende andre dokument til sakshandsaming eller journalføring

Dersom du har ein generelle førespurnader, skal du ikkje nytte eDialog. Då kan du sende ein e-post til post@tysnes.kommune.no

Korleis fylle ut skjema

  • Gje god omtale av kva sendinga gjeld i tittel. Har du saksnummer frå kommunen, skriv dette inn saman med tittel på innsendinga
  • Din kommentar blir lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga
  • Vurder om sendinga inneheld personsensitive opplysningar
  • Last opp naudsynte vedlegg
  • Du vil få ei kvittering i nettlesar og sendt til e-postadressa di med referansenummer for sendinga

Du kan svare kommunen via eDialog

Når Tysnes kommune sender eit digitalt brev til deg vil du i få med ei lenkje til eDialog-skjema "Svar på denne forsendelsen".

Der du kan fylle ut, laste opp vedlegg og sende tilbake. Svaret blir sendt direkte inn i sak-/arkivsystemet på rett sak.

Klikk her for å sende melding med eDialog

 9k=