Gravemaskin

Oppstart av anleggsarbeid på Krokjen og Lande

I løpet av veke 18 inneverande år, vert det oppstart av anleggsarbeid for infrastruktur til og i byggefelta på Krokjen og Lande. Ein vil i fyrste omgang gjennomføra klargjerande arbeide og sikring av område, men grunnarbeid vil førekoma relativt kjapt etter oppstart.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Tysnes kommune og utbyggar Tysnes Bolig AS. Anleggsarbeida vert utført av entreprenøren Vestafjell AS.

For personar som ferdast eller oppheld seg i området er viktig å kjenne til risikoen knytt til dette. Byggeplassen er eit anleggsområde og det er viktig at sperringar blir respektert. Ein skal ikkje opphalde seg på byggeplassen, dette gjeld også når det ikkje føregår arbeider der. Ved ferdsel i nærleiken av alle typar anleggsmaskinar og køyretøy er det særs viktig å oppnå augnekontakt med førar av denne, og visa aktsemd når ein passerar. Dette er spesielt viktig å kommunisere på ein god måte til born, også gjennom heile anleggsperioden slik at fokuset vert opprettheldt.

 Det viktigaste for Tysnes kommune er at prosjektet vert gjennomført på ein sikker måte både for dei som har anleggsområde som sin arbeidsstad, og alle andre som ferdast rundt det.

 Normal arbeidstid er måndag til fredag mellom 07:00 og 15:00. Noko arbeid utover denne tida kan i periodar førekoma utan førehandsvarsling. Det vil førekomma sprengingsarbeider.

 Anleggsarbeida er estimert til å vara i om lag eitt år frå anleggsstart.

Landavegen vil i korte periodar vera stengt og omkøyring vil då bli via Klokkargarden. Det skal alltid haldast passasje for utrykkings- og renovasjonskøyretøy på Landavegen grunna den smale og bratte vegen via Klokkargarden. Dette vil det fortløpande bli informert om på staden. Er det nokon spørsmål ber eg dykk om å ta kontakt med underteikna. Me ser fram til eit spanande prosjekt for Tysnes kommune.

Haakon Haaland

Prosjektingeniør, Tysnes kommune

Tlf.: 958 06 909

E-post: haakon.haaland@tysnes.kommune.no

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal