Kari Pettersen har vore rektor ved Tysnes skule sidan 2016. Før det har ho jobba ved skulen som undervisningsinspektør og lærar i mange år. No skal ho skal bryne seg på nye utfordringar som seniorrådgjevar i rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune, og rektoroppgåvene må overlatast til nokon andre.

Kari kan fortelle at ho har vore glad for rektorjobben, sjølv om ho er klar for nye utfordingar. Ho har satt pris på flotte elevar og eit godt foreldresamarbeid ved skulen, og kan fortelje om fagfokuserte og framtidsretta kollegar som tek skulen sitt oppdrag på alvor.

Den som kjem etter meg vil komme inn i eit godt leiarteam lokalt, seier Kari. Den nye rektoren vil òg få høve til være del av eit større fagmiljø og få faglig påfyll gjennom eit utviklingsprogram i regi av KS-Konsulent.

Tysnes skule ligg sentralt til i Tysnesbygda. Her er det flotte naturområder rundt skulen som innbyr til praktisk undervisning på alle trinn. Ved oppstart av skuleåret 21/22 vil det nye bygget til mellomtrinnet står klart. Dette er ein stor motivasjonsfaktor for tilsette og elevar, og Kari skulle gjerne vore med å opna det nye bygget i det store fleirbruksrommet som kjem der. Men den jobben er det no nokon andre som får glede av.

Per no er Terje Sløgedal konstituert som rektor. Terje er til vanlig tilsett som lærar ved Blå skule. Han har eit brennande engasjement for Blå skule og elevane der, og skal tilbake til dei oppgåvene når rette vedkommande er på plass til å fylle rektorstillinga.

Kommunen vil nytte høve til å takke Kari for eit godt samarbeid, og ønske lykke til vidare med dei nye oppgåvene i Vestland fylkeskommune!

Vert du freist til å søkje? Lysningstekst og lenkje til søknadsskjema finn du her: Lenke til lysing av rektor ved Tysnes skule