Det blir gjennomført førehandsrøysting i Grendatun i perioden 10.august - 08.september med følgjande opningstid:

 

Bilete1.png

 

Tidlegrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røysta på valdagen eller ved førehandsrøysting, kan du tidlegrøysta. 

Du kan tidlegrøyste på rådhuset frå 3.juli til og med 9.september, mandag til fredag i opningstida.

Det er fint om du tek kontakt med kommunen på førehand for å avtale tid for å tidlegrøysta. Ta kontakt på telefon 53 43 70 00 eller post@tysnes.kommune.no.

 

Røysta heima

Dersom du ikkje kjem til eit vallokale, som følgje av sjukedom eller uførheit, kan du røyste heimafrå. Å røysta heimafrå vil sei at det kjem to valmedarbeidarar heim til deg og mottek di røyst. 

Ta kontakt med kommunen på tlf 53 43 70 00 for å avtala tid om å røysta heima. Frist for å søkje om å røysta heima er 5.september kl. 10:00.

 

Skal du røyste frå utlandet?

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet kan førehandsrøysta hos utanriksstasjonar eller oppnemne røystemottakarar. For meir informasjon, sjå valdirektoratet sine sider: HER