Skulane i Tysnes kommune skal vere ein trygg og god stad for elevar og tilsette. Me søkjer etter deg som vil gjere ein skilnad, og som har ambisjonar på eleven og skulen sine vegne!

Skulane ønskjer å kome i kontakt med personar som dei kan ringje til når dei har behov for lærarvikarar og assistentar til skule og SFO. Det kan òg bli aktuelt med kortare og lengre vikariat.

Me søkjer etter deg som likar å by på deg sjølv, som trivast med fysisk aktivitet, og som kan ta ansvar for oppgåver i skule og SFO. Du er ein trygg og god vaksen, god på å skape relasjon og kan vere ein god rollemodell for både elevar og vaksne.

Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.

Vilkår
Stillinga er timeløna. Løn ut frå relevant kompetanse og erfaring.
Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram før oppstart.
 

Høyres dette interessant ut? Er du den me leiter etter? Fyll inn skjemaet under!