Bål

Bålreglar og reglar for organisert brenning til beiteformål

Tysnes brann og redning informerer:

Ein kvar plikter å utvisa aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan medføra brann.

Det er forbode å gjera  opp eld eller behandla brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold at det kan føra til brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før han er sløkt. Dette er reglar som gjeld heile året. Det er likevel lov å gjer opp eld der det openbart ikkje kan føre til brann.  Den einskilde er sjølv ansvarleg for vurderingar og brenning.

Det er forbode å brenna produksjonsavfall.

Ein kan brenna små mengder hageavfall etc , men det må ikkje innehalde plast og forbruksavfall.

Det er ikkje lov å brenne etter det er mørkt.

MELLOM 15.04 OG 15.09 ER DET FORBODE Å GJERA OPP ELD NÆR SKOG OG I ALL ANNAN UTMARK UTAN LØYVE FRÅ KOMMUNEN.

Søknad om løyve vert å senda til e post : torfinn.kongsvik@tysnes.kommune.no eller pr post til : Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal,  mrk/ Brannsjefen.

I søknaden må det gå fram kvar bålet skal vera, kven som er ansvarleg for at gjeldande regelverk vert følgt og kva tid bålet/sviinga skal gjennomførast. Kontaktinformasjonen til den ansvarlege må også gå fram av søknaden.

ORGANISERT BRENNING TIL BEITEFØREMÅL

Hovudregelen er at slik brenning skal skje utanom forbodsperioden som er frå 15.4.  15.9.  Søknad utanom kan bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Søknadsskjem finn du HER.

I periodar med særskilt stor brannfare kan kommunen innføra forbod mot å gjera opp eld i bestemte område utanfor tidsrommet 15.04 til 15.09.

« Å  gjere opp eld» omfattar meir enn bålbrenning. Det omfatter eksempelvis bruk av eingongsgrillar og andre bål og peisinnretningar. Oppsending av skylanterner og handtering av brannfarleg avfall er også omfatta av begrepet.

Brannsjefen.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Tenesteskildring

Relaterte artiklar