Arkiv bilete

Avlevering av eldre arkiv

Tysnes kommune avleverte 4. april 2014 ei betydelig arkivmengde til Interkommunalt arkiv i Hordaland. Arkivet omfattar deler av kommunearkivet frå perioden 1965 – 1995.

Arkivmaterialet – ca 109 hyllemeter, er deponert og sikra for ettertida hos IKAH er:

  • Val
  • Formannskap/sentraladministrasjon (rådmannskontor - økonomikontor - kultur)
  • Skulekontor
  • Helse- og sosialkontor
  • Landbruk- og teknisk etat

Arkivpersonellet i kommunen gjorde ein stor og god jobb. Det var arbeidd med arkivet deler av 2013 med å systematisera det for avlevering. IKAH gav i denne samanheng gode tilbakemelingar på jobben som var gjort.

Me fekk god hjelp frå IKAH. Dei rettleia oss i arbeidet og var med å pakka materiellet.

Arkivmaterialet vart sendt med tre kjekke representantar frå Petter Dahl AS flyttebyrå.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000

Telefax: 53437011

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Skjema

Relaterte artiklar