Utvida regplan Uggdal

Varsel om oppstart av detaljregulering for Uggdal bustadområde - Utvida planområde

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil vi med dette informere om at Omega Areal AS på vegne av Tysnes kommune skal utarbeide forslag til reguleringsplan for bustadområde i Uggdal. Planområdet går fram av vedlagte kart, og omfattar delar av gnr. 66 , bnr. 4, 6, 101 m.fl.

Tiltakshavar er Tysnes kommune. I formannskapet saknr. PS 77/15 vedtok kommunen oppstart av planarbeidet som vart varsla på vanleg måte 18.11.2015. I løpet av høyringsperioden kom det innspel frå grunneigarar og moglege utbyggjarar med ynskje om å utvide planområdet.

I formannskapet saknr. PS 16/47 vedtok kommunen å utvide det varsla planområdet, som no heilt eller delvis vil erstatte tre eldre reguleringsplanar, i tillegg til det tidlegare varsla arealet. Dei eldre reguleringsplanane skal i hovudsak leggjast inn i ny plan utan endringar, men det vil vere rom for mindre

justeringar der det er tenleg. Føremålet med planarbeidet er framleis å leggje til rette for bustadføremål med tilhøyrande funksjonar, vegtilkomst, leikeplass mm, samt grøntområde med turveg ned mot Kyrkjevatnet. Utvida planområde vil i tillegg gje høve for utviding av småbåthamna, opne for ein samla plan for strandsone og sjøarealet, samt gi større fleksibilitet i val av vegtrasé til det nye bustadfeltet.

Tidlegare varsla område er i kommuneplanen sin arealdel avsett til bustadføremål og LNF- område ned mot Kyrkjevatnet. Det utvida området ligg med føremål for bustader, næring, parkering, småbåthamn og kombinerte område med bygningar og anlegg på land, samt ein kombinasjon av fiske, ferdsle, natur- og friluftsområde i sjø. Tidlegare varsla område inngår ikkje i eksisterande reguleringsplanar, medan det utvida varslingsområdet inngår som del av tre eksisterande detaljplanar.

Tysnes kommune har vurdert og konkludert med at området framleis ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing, då store delar av planen er regulert tidlegare, og/ eller er i samsvar med kommuneplanen.

For nærare informasjon kan du kontakte Omega Areal AS, tlf. 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Tysnes kommune, Rådhuset, 5685 Uggdal eller post@tysnes.kommune.no - innan 11.04.2016.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å kome med eventuelle merknader og motsegn til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal