På valdagen må du røysta i den kommunen du er folkeregistrert i.

Opningstider for vallokala

  • Mandag 11.september kl. 10:00-18:00

Vallokala

Røystekrins Røystelokale
Uggdal Grendatun
Tysnes Tysnes kyrkjestove
Lunde Lunde bedehus
Onarheim Onarheim skule
Reksteren Reksteren idrettshus

 

Legitmasjon

Du må hugse å ha med deg legitimasjon når du skal røysta. Det er ikkje tilstrekkeleg å ha med valkort, eller oppgje namn og fødselsdato.

Når du skal røysta må det vere mogleg å kontrollere at du er den du seier du er. Du må difor vise legitimasjon dersom du er ukjend for valmedarbeidaren som tek imot røysta di.

Døme på godkjent legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (ogsåp digitalt) og bankkort med bilete. Det er mogleg å nytta andre former for legitimasjon, men minstekravet er at det må innehalda namn, fødselsdato og bilete.