Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
writing-828911_1920

Val av ungdomsråd

Val av nytt ungdomsråd skjer i kommunestyret 24. september. Frist for å foreslå nye medlemmer er 4. september.

Frå og med kommunevalet i 2019, er alle kommunar pålagt å ha eit ungdomsråd. Meininga med rådet er at ungdom skal få si sin meining om politikken i kommunen.

I rådet kan dei arbeida fram eigne saker og ta initiativ til å komma med uttale i saker som er oppe til politisk behandling i kommunen. Rådet har rett til å uttale seg i saker som gjeld ungdom.

Det er kommunestyret som vedtek kor mange medlemar ungdomsrådet skal ha, og som veljer rådet. I Tysnes skal kommunestyret velje ungdomsråd 24. september.

Ungdomsrådet konstituerer seg på fyrste rådsmøte, med leiar og nestleiar og fordeler sjølve andre roller. Ungdomsrådet skal ha ein valperiode på inntil to år. Dei som skal veljast må vere mellom 12 og 18 år på valtidspunktet.

Me ber om at dei som ønskjer å vere med eller å nominere nokon gjer det innan fristen 4.september.

Skriv ein kort søknad med kvifor du ønskjer å vere med. Send den til anten:

ordfører Kåre Martin Kleppe

eller sekretær for ungdomsrådet Synnøve Bakke

Har du andre spørsmål om ungdomsrådet kan du kontakte sekretæren.