Sykle til jobben

Sykle til jobben aksjon

Gratis for deg

Tysnes kommune deltek i år i Sykle til jobben aksjonen. Det betyr gratis deltaking for alle i Tysnes kommune, over 15 år. Me opmodar eigne tilsette om å ta sykkelen til jobb, men også alle andre i kommunen vår!

Kampanjeperioden er frå 20. april til 18. juni.

 

Motivasjon, aktivitet og samhald

I ei tid med mykje heimekontor, inaktivitet og lite sosial kontakt, er Sykle til jobben eit utruleg bra tilbod for å betre psykisk og fysisk helse. Som deltakar i kampanjen vert du motivert til å være meir aktiv, samt du får ei oppleving av samhald og tilhøyrsle, seier Rebekka Høgestøl, kulturkonsulent og ansvarleg for sykle til jobben aksjonen i Tysnes kommune.
 

All aktivitet tel

Sykle til jobben er ein gratis kampanje for alle over 15 år som bur i Tysnes kommune. Det er ikkje berre sykling som tel, men alle formar for aktivitet. Du kan delta individuelt eller i eit lag opp til 5 personar.
 

Flotte premiar

Alle som melder seg på og registrerer aktivitetar er med i trekning av flotte premiar både lokalt og nasjonalt.
 

Registrer deg


40.000 nordmenn deltek kvart år

Aktivitetskampanjen Sykle til jobben som Bedriftsidretten har arrangert sidan 1973 får kvart år over 40.000 nordmenn til å velje ein aktiv veg til jobben.

Sykle til jobben har holdt på sidan 1973 og har etter kvart blitt myke meir enn berre sykkel! Hovudmåla er å stimulere til auka kvardagsaktivitet i tillegg til å ha fokus på ein aktiv reiseveg til og frå jobb. Du kan registrere all fysisk aktivitet (løping, fotball, gåturer etc) og du bestemmer sjølv kva på dagen du vil være i aktivitet. 

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal