
Sverre (8 år) vann namnekonkurransen
Sjelero, Ly og Kyrkjeskukkjen. Kommunen mottok 54 forslag til namn på dagsturhytta, men det var Sverre som sendte inn vinnerforslaget MIKLASTOFA.
Juryen brukte ikkje lang tid på å bestemme seg. Etter eit av dei kortaste møtene i kommunal historie, var juryen nesten samrøystes einige. Sju medlemmer i juryen ønskte Miklastofa, medan eit medlem gjekk for den meir moderne utgåven Myklestova.
Juryen besto av:
Grunneigar Asbjørn Mykelstad
Ordførar Kåre Martin Kleppe
Leder for eldrerådet, Helge Hauge
Medlem i ungdomsrådet, Alma Vermedal
Bibliotekssjef Mats Løve Gjersvik
Kulturkonsulent og leder av Tysnes turlag, Rebekka Høgestøl
Leder i Uggdal bygdelag, Bent Fossdal
Kulturkonsulent Synnøve Bakke
Her er alle dei innkomne namneforslaga:
- Turven
- Turvenen
- HARMONISTOVA
- Bakkebu
- Gullhytta
- Bakkasauane
- Hyttetu
- Tyttebærhaugen
- Lyngstua
- Tyttebærstua
- Uggdalbu
- Skogsbu
- Kva med å kalla henne «60-grader nord-hytta»? (jfr. Gjerstadstølen 333). Dette fordi den 60-ende breddegrad går gjennom Myklestadskogen omtrent der hytta ligg. (Den 50-ende br.gr. går gjennom Frankfurt am Main,den 70-ende går ved Vadsø).
- Biblohytto
- Heimatt
- Myklaberg
- Myklaborjo
- Myklebu
- Kvilehytta
- Kvilebu
- Kvila
- Kvilo
- Kvile
- STJERNESYN
- Husly
- Innomhuset
- Samhald Tysnes
- Rasten
- Kårehytta (etter fødselshjelparen)
- Kaffistova
- Pølsebu
- KOVID HYTTA.
- KYRKJE – OG – VATN – 1 – DAGSTUR – HYTTA.
- Mediatekshytta
- Fjordgløtt
- Gjekk litt tid, før det gjekk opp for meg kva kriterier som bør vekleggast tyngst med henhold til namnevalg. For også her meinar eg at me, som gode innbyggarar, bør tenkje økonomi for kommunen. Og då bør ein sjølvsagt tenke ut eit kort namn, slik at kostnadene med å få lage eit skilt vert minst mogeleg. Så difor vert mitt (siste) namneforslag, kort, økonomisk og godt: LY
- Miklastofa (den store stova) (alternativt ein moderne versjon, Myklestova) etter det oldnorske gardsnavnet på Myklestad, ref. Sogeskrift for Tysnes 2012 s. 66 av Tysnes Sogelag. https://www.tysnessogelag.no/sites/default/files/sogeskrift/Sogehefte_2012.pdf
- Miklafýri eller Myklefýri, etter gardsnavnet Myklestad og det gammelnorske ordet fýri som betyr skog.
- Tysneshytta
- Kjørkjevatnet stasjon
- VILL(A) PÅ TUR
- Sjelero
- Njardarlog
- Heim
- Njordheim
- Tyrabu
- Eføy
- Ty-te - hytta er noko alle kan ty til
- Traska - ein har traska for å komme fram
- Allmanns - hytta er alle si
- Ljosi - spiller på ordet losji, men og noko det er lys i.
- Ly - gir oss ly på turen
- Hugta - hytta vil gjere turen betre
- Kyrkjeskukkjen