
Skilting av adressenamn skal utførast hausten 2019
Informasjon om oppsetjing av adressenamnskilt.
Tysnes kommune har i vår og sumar 2019 jobba med utarbeiding av skiltplan og konkurranse for produksjon og oppsetjing av adressenamnskilt. Oppdraget vart tildelt A2G-Profilering. Arbeidet startar no i september og skal vere sluttført innan utgangen av 2019.
Kommunen har ansvar for oppsetjing og vedlikehald av adressenamnskilt. Det blir også føreteke skilting av fylkeskommunale vegar. Dei fleste skilt står i offentleg vegrom langs fylkesvegar og kommunale vegar, men det vil også vere naudsynt å skilte innanfor adresseparsellar langs med private vegar. Planlagde skilt og tenkt plassering kan ein sjå ved å gå inn på http://webhotel3.gisline.no/WebInnsyn_tysnes/Vis/Skilting_Tysnes eller ved å henvende seg til kart- og oppmålingsansvarleg i kommunen.
Dersom du har merknad til det, til dømes informasjon om leidningar i bakken m.m. kan du sende dei til ansvarleg hos Tysnes kommune, Janine Freyboth - janine.freyboth@tysnes.kommune.no eller til kontaktperson hos A2G-Profilering, Erik Tonheim - erik.tonheim@a2g.no