Røysterett og manntal

Alle veljarar som har røysterett og som er busette i Noreg står i manntalet i den kommunen dei var registrert busett i per 30.06.2023. (Manntalet er ei liste over alle personar som har stemmerett ved val i Noreg.) Har du flytta etter denne datoen, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå. Du kan då velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta.

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn. Dersom du meinar at du eller nokon annan er uriktig innført eller utelaten frå manntalet kan du krevja at feilen vert retta opp. Kravet skal vera skriftleg og sendast til Valstyret i Tysnes.

Til skjema for krav om retting i manntalet 

Du kan og senda det til post@tysnes.kommune.no eller per post til Uggdalsvegen 301, 565 Uggdal.

 

Dette er krava du må ha for å kunne røysta ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023

  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2023
  • Norsk statsborger
  • I tillegg har personar som ikkje er norske statsborgarar, men som fyller vilkåra i vallova §2-1, røysterett dersom dei: 
    • har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra før valdagen, eller
    • er statsborgar i ein anna nordisk land og er blitt folkeregistrert som busett i Noreg seinast 30. juni valåret. 

 

Bur du i utlandet

Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert busett då du flytta frå Noreg.

Har du ikkje vore busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje om innføring i manntalet.

Står du ikkje oppført i manntalet, kan du senda skriftleg søknad om bli innført. Til søknadsskjema for innføring i manntal PDF

Det vil også vera mogeleg å søkja om innføring i manntalet når du røyster. Det gjeld både ved førehandsrøystinga og på valdagane.