Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
korona kvit bakgrunn

Oppdatert informasjon - smittesporing er avslutta

Det er totalt to personar som fram til no har fått påvist smitte med koronavirus denne veka.

Tysnes kommune fekk melding om eit tilfelle på fredag, og jobba med smittesporing fram til laurdag formiddag.  

Laurdag fekk ein av nærkontaktane også stadfesta smitte med koronavirus. Dette var som venta grunna nær relasjon.

Smittesporing er avslutta

Smittesporinga er no avslutta for desse to smittetilfella. Det er tilsammen omlag 50 nærkontaktar som no er satt i karantene.

Mutert virus

Det er stadfesta at personen som fekk svar på koronaprøven på fredag, er smitta av den engelske varianten av viruset.

Du kan finne meir informasjon om dei ulike virusvariantane på fhi.no.

Utvida testkapasitet

Det var lagt opp til testing av nærkontaktar med symptom gjennom helga. Det er også planlagt for auka testekapasitet frå måndag.

Vær ekstra nøye med smitevern!

Tysnes kommune vil oppmoda alle om å være ekstra nøye med å følge gode rutiner for smittevern.

Følg med på kommunen si heimeside for oppdateringar om situasjonen

Me vil løpande halde heimesida oppdatert om utvikling i situasjonen. All koronainformasjon er samla i i "kriseweb", som du alltid kan finne på toppen av sida.