Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
NVE

Ope møte om høyring av søknad

Søknaden om ny 132 kV kraftleidning mellom Langeland og Otteråi er no på høyring, med høyringsfrist 1.desember 2020.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing frå Haugaland Kraft Nett for ein ny om lag 22,5 km lang 132 kV kraftleidning mellom Langeland og Otteråi transformatorstasjonar, i Tysnes og Austevoll kommunar i Vestland fylke.

Søknaden er no på høyring, med høyringsfrist 1.desember 2020.  Søknaden med konsekvensutgreiing er tilgjengeleg på NVE sin nettstad www.nve.no/kraftleidninger.

Informasjon om open kontordag

Grunna koronapandemien og omsyn til smittevern vil ikkje NVE halde opne folkemøter som vanleg, i staden vil NVE og Haugaland Kraft Nett halde ein open kontordag torsdag 22. oktober klokka 15.30- 20.30 på Grendatun kino, i Uggdal.

Grunna smitteverntiltak, vil det vere påmelding for dei som ønskjer å delta på den opne kontordagen. Desse vil få tildelt ei avgrensa tid dei må møte opp på, og det vil vere restriksjonar på kor mange personar som kan delta per tildelt tid. Booking av tid skjer via vår nettløysing, som ligg som link på NVE sin nettstad www.nve.no/kraftledninger.

NVE vil til ein kvar tid følgje dei nasjonale retningslinene til FHI, og gjennomføre dei naudsynte smittevernstiltaka. Vi oppfordrar alle som har meldt seg på til å gjere seg kjent med dei oppdaterte retningslinene. NVE til ha tilgjengeleg munnbind og handsprit. NVE tar atterhald om at retningslinene til FHI kan endrast raskt, og at dette kan gje endringar i den planlagde opne kontordagen.

NVE og Haugaland Kraft Nett har laga videoinnspelingar av presentasjonane vi normalt ville halde på eit folkemøte. Desse er tilgjengelege på vår nettstad.