Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Skulestova, rehabilitert av vinnaren av kulturprisen i 2019, Solheimsdalen grendelag.

Kulturpris 2020

 

Me ønskjer forslag til kandidater til Tysnes kommune sin kulturpris for 2020


Prisen vert delt ut til lag eller einskildpersonar som har gjort ein særskilt innsats for kultur- og samfunnslivet i kommunen.

Alle har høve til å foreslå kandidater.


Forslag kan sendas per post eller e-post


Forslag til kandidatar med grunngjeving kan sendast til Tysnes kommune per post eller e-post:

Adresse:
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal

E-post: post@tysnes.kommune.no

Frist for å forselå kandidatar: 15.11.2020

 

 

Kulturprisvinnarar 1994 - 2019
 

2019

Solheimsdalen grendelag

 

2018

Magne Storesætre

idrett, musikklag, arrangement, idrettsanlegg, idrettsråd, sokneråd

2017

Nils Kåre Myklebust

Onarheimsgildet, kulturkyrkja, musèlag, kammerkor

2016

Bjarne Nygård

Aktiv musikant i Onarheim musikklag sidan oppstart i 1954. Delteke og stilt opp på kulturarrangement. Viktig person for bygda gjennom sitt engasjement og som kulturberar.

2015

Tysnes kystlag

Vidareført kunnskap om kystkulturen og tradisjonar. Båtbyggjarkurs av færingar, første gang i 1995. Kurs i sying av segl. Arrangert Tysnes Rundt i 20 år. Vore sentral i urviling av Årbakkapg kyst- og motorsamlinga i Smio. Gjennom alle år vore ein viktig samarbeidspartner i ulike kulturarrangement – m.a. under den offisielle opninga av Kystsogevekene. Fast deltaker i kulturarbeidsgruppa.

2014

Tysnes lydlag

Tysnes lydlag v/ Eirik Dalland og Øystein Dalland, lyd hundretals arrangement sidan 1997. Aldri teke ut lønn, investert i nytt og moderne utstyr.

2013

Bergitte Sletteskog

Mat/ mattradisjonar, oppskrifter, arrangement, delteke i lagsliv.

2012

Tysnes husflidslag

Vidareføring av handverktradisjonar, kurs barn, unge og vaksne. Liv Torunn Rekve og Synnøve Hodneland tok imot på vegner av laget.

2011

Olav Skjellevik

Lokalhistorie, kåsør, skilting og turleiar

2010

Tysnesfest

Set kommunen på kartet, reklame for Tysnes, breitt program for alle aldersgrupper.

2009

Nils Eivind Hansen

Fotball spelar, trenar, leiar, Cup-arrangør, banemeister, +++

2008

Sverre K. Dalland

Leiar Tysnes sogelag, båtlaget, ungdomslag, musikklag, Sunnhordland folkemuseum, redaksjonen Bladet Tysnes, kulturstyre, heradsstyre, fylkesstyre, m.m.

2007

Sostråleøya venelag

v/ Norolf Henriksen. Hus pussa opp, renska stigar, boka om Solstråleøya, solstråleøyas dag, aktivitet, dugnad, informasjon, og vedlikehald.

2006

Eldbjørg og Jørgen Knudsen

Barnekoret i Tysnes

2005

Magnus Alsaker

Arbeid for i drett gjennom 40 år. Engasjement og ildsjel

2004

Tysnes sogelag

v/ Mikal Heldal og Magnhild Midtbø

2003

Henrik Aakre

Kunst- og kulturformidlar, Årbakka, Kunstlaget, E.H. Vaage

2002

Anny Gjøvåg

Kulturarbeid på gard

2001

Gunnar Hansen

Idrettsarbeid og "Tysnesingen"

2000

Yngve Nikolaisen

Musikkengasjement i Tysnes, rektor musikkskulen

1999

Ernst B. Drange

Etnolog, Gards- og ættesoge, lokalhistorisk arkiv.

1998

Åsne S. Søreide

Songar/kvedar, innsamling av folketonemateriale.

1997

Einar Heldal       

Handverkstradisjonar, båtbyggjing/færing, rokk og tresko

1996

Kolbjørn Tvedt                

Allsidig, drivande kraft i lags og musikklivet, internett.

1995

Anna Skaar

Tysnesbunaden, arbeidd med å rekonstruera denne.

1994

Harald Dalland

Handverk, båtbyggjar, oselvar