Fylkeskommunen

Korleis står det til med folkehelsa i Tysnes?

20. april gjekk startskotet for Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022. Undersøkinga vil gje Tysnes kommune ny og unik lokalkunnskap om korleis innbyggjarane våre har det. Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

 

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. Undersøkinga vil gje Tysnes kommune verdifull informasjon om korleis innbyggjarane har det.

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Tysnes kommune, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort – to på kr 2500 og ti på kr 1000.  Gåvekorta er gyldig i fem år.

 

For meir informasjon og lenke til undersøkinga sjå https://vestlandfylke.no/fhus

Kontaktinformasjon: folkehelse@vlfk.no tlf.: 51 20 71 50

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal