Penger - Pixabay - fri bruk

Kompensasjonordning for lokale verksemder Covid19

Det er oppretta ein kompensasjonsordning for lokale verksemder der målet er å avhjelpa situasjonen for verksemder som har tapt omsetnad og/eller hatt særlege kostnader som følgje av pandemien og nasjonale smittetiltak.

Den økonomiske ramma for ordninga er sett til kr. 337.000,-

Kven kan søkja

  • Verksemder innanfor servering, uteliv, overnatting og andre verksemder der det er openberr samanheng mellom ekstra kostnader og/eller tap i omsetjing, og smittevernstiltak som vart innført frå desember 2021.
  • Verksemder som tidlegare har motteke støtte kan søkja så sant dei kan dokumentera samanheng mellom innførte smittevernstiltak og ekstra kostnader eller tap av omsetning.
  • Tildelinga er skjønnsmessig, men skal så langt som mogleg avspegla ei intern fordeling mellom ulike verksemder som tar omsyn til storleik, meirkostnader og/eller tap av omsetjing.
  • Endeleg fordeling vert avgjort av formannskapet i Tysens kommune

Korleis søkje

Søknad må fremjast gjennom følgjande nettportal: www.regionalforvaltning.no.

 

Søknadsfrist:14. mars.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal