Frå Kultrrminneplanen Steinklopp Hovlandselvo

Kommunedelplan for kulturminne

Planperiode 2020 - 2030

Kulturminneplanen skal gje kunnskap om våre viktige kulturminne frå gamalt. Og den skal peike på kva som kan verte interessant i framtida.

Planen skal legge premiss for kommunen sitt arbeid med kulturminne. Me ønskjer òg at den kan vere til nytte for alle med interesse for historie; for lag og organisasjonar i kulturfeltet, for eigarar av verneverdige eigedomar og gjenstandar, og for dei som ser at kulturminnearbeidet kan vevast inn i næringsverksemd – til dømes i reiseliv eller lokal produksjon av mat og handverk.

Arbeidet med kulturminne vert mest effektivt om flest mogleg er samde om kva retning arbeidet skal ha og kor ressursane skal settast inn.

Sånn kan me også framover få nytte og glede av det tysnesingane har arbeidd og stelt med gjennom historia.

Me kan ikkje ta vare på alt; me må velje kva me vil verne om. Korleis me best gjere det, er kva denne kulturminneplanen søkjer å svare på.

Kulturminneplanen vart vedteken av kommunestyret 7. mai 2020.

Kommunedelplan for kulturminne 2020 - 2030

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal