Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Skjema som vert fylt ut.

Kommunal kompensasjonsordning

Det er oppretta ein kompensasjonsordning for lokale verksemdersom. Målet er å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder som har tapt omsetnad og/eller hatt særlege kostnader som følgje av pandemien og lokale eller nasjonale smittetiltak.

Den økononmiske ramma for ordninga er sett til kr. 267.000,-

Kven kan søkje?

Ordninga omfattar verksemder som utfører verksemda si i Tysnes kommune.

Destinasjonsselskap og tilsvarande fellesorganisasjonar for reiselivsnæringa kan søkje med bakgrunn i kostnader som lokale verksemder i Tysnes kommune har knytt til deira aktivitet.

Reiseliv-, arrangement- og serveringsnæringar vert prioritert, men også andre bransjar kan fremja grunngjeven søknad.

Tilskot skal gjevast innanfor ordninga med bagatellmessig støtte.

Koreis søkje

Søknadsfrist er 23. mai 2021.

Søknader skal fremjast gjennom portalen regionalforvaltning.no