Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Vasskran

Informasjon om kommunale avgifter - 1.termin

Frå 2. januar 2020 overtok Tysnes kommune vassverka Tysnes vassverk og Uggdal vasslag og fekk dermed ansvaret for levering av vatn i Uggdal og Våge. Faktura for fyrste termin i 2020, for dei som er tilknytt kommunalt nett for avløp og/eller vatn vil koma i ein eigen faktura seinare enn dei andre kommunale gebyra. I løpet av året vil alle dei kommunale gebyra igjen bli samla på same faktura. 

Sidan Tysnes kommune tidlegare ikkje har levert vatn måtte det gjerast endringar og tilpassingar i kommunen sine gebyrregulativ og «Forskrift for vass- og avlaupsgebyr i Tysnes kommune» vart vedtatt av Tysnes kommunestyre.

Faktura for fyrste termin i 2020, for dei som er tilknytt kommunalt nett for avløp og/eller vatn vil koma i ein eigen faktura seinare enn dei andre kommunale gebyra. I løpet av året vil alle dei kommunale gebyra igjen bli samla på same faktura. 

No er både vatn og avlaupsgebyret delt i to delar. Det er «Abonnementsgebyr» som er ein fast del, og «Forbruksgebyr» som er ein variabel del. Det totale vass- eller avløpsgebyret vert derfor summen av desse to delane.

Abonnementsgebyret dekker kostnaden kommunen har med å drifte tenesta, bygge ut og halda ved like kummar og røyr og alle kostnader med å sørgje for at vatnet kjem trygt fram til deg, og at det renn trygt ut igjen. Abonnementsgebyret variera i mindre grad av kor mykje eller kor ofte vatn- eller avløpstenestene vert nytta.

Forbruksgebyret er som namnet tilseier knytt til mengde forbruk. Forbruksgebyret dekker kommunen sine kostnader til å reinse og produsera vatn, og til å reinse og handtere slammet frå avløpsvatnet. Forbruket vert fastsett av ein vassmålar eller stipulert ut frå eit grunnlag om den registrerte storleiken og typen på bustaden. Det er opp til kvar enkelt om dei vill nytta vassmålar eller få eit stipulert forbruk. Dersom du ynskjer å nytta vassmålar eig du denne sjølv, og du må på eige initiativ og kostnad bestille denne hos ein godkjend røyrleggjar og melde frå til kommunen når den er installert.

For næringseigedommar er det vanskelig å stipulere forbruk og det er derfor sett krav om vassmålar, men sidan dei færraste har vassmålar installert vil forbruket bli stipulert ut frå ei konkret vurdering av kvart tilhøve fram til vassmålar er installert.

Vatn og avløp er separert i to tenester, der begge er finansiert etter sjølvkostprinsippet som vil sei at samla gebyr for kvar teneste ikkje skal overstiga kommunen sine kostnader for å levera tenesta.