Bilete: Ola Henning Målsnes/Bergen kommune

Informasjon knytt til smitteutbrot og tiltak i Bergen og kommunar rundt

For å slå ned på smitteutbrot av den engelske og den sørafrikanske varianten av koronaviruset vart det sett inn kraftige tiltak i Bergen og fleire kringliggjande kommunar. Tiltaka gjeld frå søndag 07.feb. 2021 kl. 18:00 fram til søndag 14.02.2021 kl.18:00.

Kommunane dette gjeld er definert innafor to geografiske områder. «Ring 1-kommunar» og «Ring 2-kommunar». Kva kommunar som ligg innafor dei ulike geografiske områda ser de på kartet som ligg i saka.

Tysnes kommune er ikkje definert innafor nokon av områda, og tiltaka er per no ikkje gjeldane for Tysnes. Dette kan endrast om det kjem utbrot i våre nabokommunar, eller i Tysnes.

«Ring 1-kommunar» er utbrotsskommunen og kommuner med tilknyting til utbrotet eller som har hatt mykje kontakt med utbrotskommunen.

«Ring 2-kommunar» er dei kommunane som ligg i randsonen av «ring 1-kommunane» og som også har behov for å sette inn tiltak som følgje av utbrotet.

Ring 1 og ring 2 er berre geografiske nemningar. Kva tiltaksnivået som blir valt for ring 1 og ring 2 er avhengig av kor alvorlig smitteutbrotet er.

I tidsperioden 07.02.2021 til 14.02.2021 er det desse tiltaksnivåa som gjeld for dei ulike områda.

  • Ring 1: Tiltaksnivå A: Særlig høgt tiltaksnivå (sjå covid-19-forskriftens kapittel 5A)
  • Ring 2: Tiltaksnivå B: Høgt tiltaksnivå (sjå covid-19-forskriftens kapittel 5B)

 

Tilrådingar frå Tysnes kommune knytt til smittesituasjon i Bergen og kommunar rundt


Tysnes kommune er definert under risikonivå 1 av 5, med ingen eller få påviste tilfelle, men muligheit for oppblussing. Me ønskjer likevel å komme med nokre tilrådingar knytt til situasjonen i Bergen og kommunane rundt:

  • Dei som har tilsette som pendlar inn frå kommunar i tiltaksområda oppmodar til bruk av heimekontor for dei som har ein arbeidssituasjon som gjer det mogleg.
  • At ein unngår unødvendige fritidsreiser til kommunar i tiltaksområda.
  • Tysnes kommune oppmodar fritidsbebuarar som har fast adresse i kommunar, og kjem tilreisande frå kommunar, i tiltaksområdet til å nytte butikkar i heimkommunen sin før dei kjem på hytta. Me oppmodar også fritidsreisande til å holde seg på hytta og berre saman med dei ein er på hyttetur med.

 

Tysnes kommune følgjer utviklinga av situasjonen, og er forberedt på at også me kan få innført strengare tiltak viss situasjonen skal tilseie det.

Sjå informasjon på fhi.no om vurdering av risikonivå

Du kan sjå oppdatert informasjon om lokal smitterisikovurdering her


Klikk for større bilete:
koronakart[1]

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal