Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Vegarbeid skilt

Graving i eller ved kommunal veg

Skal du grava i eller ved kommunal veg må du retta deg etter veglova.
Hovedmomenta ein må veta om er att ein må melda i frå til kommunen før ein startar arbeid nærare kommuneveg enn 3 meter.

Tysnes kommune har fokus på handheving av  veglova §29 til § 57 og/eller vegtrafikklova § 7 andre ledd jf. skiltforskrifta kap. 14

 

HER FINN DU søknadskjema som skal fyllast ut for alt arbeid nærare kommunal veg enn 3 meter.

Skal du grave i vegen skal du lage ein skiltplan som skal godkjennast av kommunen.

Skal du kopla deg til ein kommunal vass, avlaup eller overvassledning må dette opplysast om i meldinga som vert sendt kommunen.
Skal du laga ny avkøyrsle skal detta søkast om til teknisk eining. Søknaden må innehalda skisse av ny avkøyrsle og skildre korleis sikt og andre krav vert ivareteken ihht Statens vegvesen si handbok N100.
Det er krav til standarden på vegen etter arbeid er avslutta.
Vegdekke skal vera likt eller betre enn det var før arbeidet starta og oppfyllingsmassar i veg grunnen skal væra drenerande. Massar skal komprimerast lagvis ihht kapasiteten på det verkty ein brukar.
Ber om at kommunekart.no vært nytta som kart, der ein markerer kor ein vil arbeide.
I den skissa kan ein også lage ein enkel skiltplan, der ein teiknar inn skilt og eventuelt sperremateriell ein har tenkt å nytta. Gravemelding skal være godkjent før arbeid startar. Unntaksvis er naudsynte høve som brot på vassledning etc.  Då skal gravemelding sendast ved første høve.
Ved spørsmål ta kontakt  på epost til fagansvarleg Vegdrift på: dag.makestad@tysnes.kommune.no eller telefon 48040074.

 

 

 

Ta gjerne kontakt ved spørsmål. Me ser fram til eit konstruktivt og godt samarbeid og er opne for innspel.

Ang. arbeid i og langs kommunal veg forheld me oss til veglova https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1963-06-21-23#KAPITTEL_7 og statens vegvesen si handbok for arbeid langs veg N301  https://www.vegvesen.no/_attachment/61423 og N 100 veg og gateutforming https://www.vegvesen.no/_attachment/61414