
Godkjente listeforslag til kommunestyrevalet 2023
Valstyret godkjente følgjande listeforslag i møtet, 04.05.23
- Tysnes Høgre
- Tysnes Sosialistiske Venstreparti
- Tysnes Framstegsparti
- Industri- og Næringspartiet
- Tysnes Arbeidarparti
- Tysnes Senterparti
- Kristeleg Folkeparti Tysnes
- Miljøpartiet Dei Grøne
Offentleg ettersyn
Når listene er godkjent, skal desse leggast ut til offentleg gjennomsyn, jf. vallova § 6-7. Vallistene er lagt ut til gjennomsyn på følgjande stader:
- kommunen si heimeside
- resepsjon rådhuset
Klage
I samsvar med vallova § 6-8 må klage om endring i valstyret sitt vedtak om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag, settast fram 7 dagar etter offentleggjering av dei godkjente listene Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen.
Klage kan sendast til valstyret per e-post: post@tysnes.kommune.no, eller til Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal.
Frist: onsdag 19.05.23, kl. 15.00.