
Godkjenning av kommunevåpenet til Tysnes kommune - høyring
Sak om godkjenning av nytt kommunevåpen ligg ute på høyring, før endeleg vedtak vert teke i kommunestyret 7.mai.
Sak om godkjenning av kommunevåpenet vart handsama av formannskapet 23.01.20, som gjorde følgjande vedtak:
-
Tysnes kommune ynskjer å godkjenne kommunevåpen alternativ 2, på blå grunn to sølvfarga kryssede økser med krone over. Motivet kjem frå eit segl funnet etter Olavsgildet på Onarheim.
-
Heraldiske fargar som skal nyttast er blå og sølv I pantone fargar skal det nyttast «Prosess Blue» og kvit. I CMYK fargar skal det nyttast fargekodane 100-13-1-3 og 0-0-0-0
-
Avgjerdsla skal sendast på open høyring, slik at ein kan få innspel frå innbyggjarane i Tysnes kommune.
-
Endelig avgjersle skal gjerast i kommunestyret 7. mai
Saka vert lagt ut til open høyring, med høringsfrist 6 veker.
Merknadar kan sendast til: Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 UGGDAL eller på e-post til: post@tysnes.kommune.no
Høyringsfrist 23. april 2020.
Godkjenning av kommunevåpenen til Tysnes kommune.pdf
Vedtak Godkjenning av kommunevåpenet til tysnes kommune.pdf