Bildet er tatt av Free-Photos fra pixabay

Førebyggande team

Førebyggande tiltaksteam for barn og familiar

Kommunen har etablert eit team med målsetjing å hjelpe barn og familiar innanfor rammene av førebyggande psykisk helsearbeid.

Alle familiar kan i periodar ha uro knytt til psykisk helse, sosiale utfordringar, utvikling og konfliktar. Me tilbyr individuelle samtalar, familiesamtalar og foreldrerettleiing.  Me rettleiar barnehagar, skular og andre tilsette som arbeider med barn, unge og føresette i vår kommune.

Teamet

  • Susanna Heggland – Kommunepsykolog / koordinator for teamet
  • Betsy Nikolaisen – Psykisk helsearbeidar born og unge

Målgrupper

  • Born og unge (0-18 år), og føresette
    • som sjølv tar kontakt med oss
    • som tar kontakt med oss i følgje med andre
  • Andre med ansvar for born
    • til dømes; lærare og tilsette i barnehagar

Me kan tilby

  • Tidsavgrensa samtaletilbod og møter med ungdom, familiar og nettverk
  • Foreldrerettleiing
  • Rettleiing av tilsette som jobbar med born og familiar
  • Foredrag og kompetanseheving hos tilsette i kommunen
  • Psykoedukasjon/undervisning til foreldre, born, unge, elevar/klassar
  • Vise veg til og samarbeide med andre tenester og tilbod
  • Gruppetilbod: Coolkids/angstmestring

 Me har fokus på

  • Born og ungdoms livssituasjon
  • Ressursar og mogeligheiter
  • Å sjå på mulig løysning saman med dei de gjeld

 

Tilbodet er gratis

 

Skjema for å melde sak

Har du ei sak du ynskjer å melde til oss, kan du nytte følgande skjema:

Skjema for å melde inn sak til førebyggande tiltaksteam.pdf

Skjema kan du levere i resepsjonen på Rådhuset eller send til:

Førebyggande tiltaksteam for barn og familiar
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal

 

Du kan få utlevert skjema i resepsjonen på Rådhuset i opningstida dersom du ynskjer det.

Svar innan seks veker

Me har teammøte kvar andre veke og du kan forvente å bli kontakta på telefon eller post i løpet av to til fire veker etter me har motteke skjema.


Dersom du er tilsett og ynskjer rettleiing/kompetanseheving om tema ta gjerne kontakt på e-post: susanna.heggland@tysnes.kommune.no

Kontakt oss

Born og utdanning

Telefon: 53437000

Telefax: 53437011

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal