Rett til innsyn

Offentleg tilgjengelege dokument kan du bestilla direkte frå postlista (Elements publikum)

Tysnes kommune har ikkje fulltekstvisning av dokumentet.

Dersom du bruker «Bestill innsyn» i postlista, vert bestillinga sendt til postmottak i kommunen.

Innsynsrett i offentlege dokument

Postlister/offentleg postjournal gir eit oversyn over post sendt til og frå kommunen. Den inneheld ikkje dokument i personalmapper, elevmapper, barnehagebarnmapper og fagsystem.

Alle saksdokument, journalar og liknande register i kommunen er opne for innsyn dersom det ikkje er gjort unntak i lov eller i forskrift. Sjølv om eit dokument kan vere unnateke offentlegheit, skal kommunen likevel vurdera om dokumentet bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Dokumenta blir publisert på nettsida 3 dagar etter at dei er registrert/journalført.

Alle kan krevje innsyn

Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ.
  • Dokumenter til/frå kommunen sitt kontrollutval, klagenemnd eller kommunal revisjon.
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig råderett for saka dokument gjeld.

Kriteria til krav og sakshandsamingstid

Dersom ein krev innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg utstrekning av saker av bestemt art. Kommunen skal handsame krav om innsyn så raskt som mogleg. Det vil normalt bety same dag, eller innan 1-3 arbeidsdagar.

Dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar frå kommunen fekk kravet ditt, vert det rekna som eit avslag.

Klagerett 

Den som har fått avslag på krav om innsyn, kan klage på avslaget til Statsforvaltaren. Du har alltid klagerett over avslag på innsyn

Klagefristen er tre veker frå avslaget er mottatt.

Eventuell klage skal sendast til Tysnes kommune, som handsamar klagen og vidaresender til Statsforvaltaren dersom vedtak om avslag vert oppretthaldt.

Har du spørsmål om innsyn eller klage - send e-post til post@tysnes.kommune.no