Foto: Gisela og Peter

Visit Sunnhordland

Turistinformasjon frå Tysnes kommune

Turistsesongen startar snart og kommunen treng din hjelp for å få ut god informasjon til alle som skal ha norgesferie i år. 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland driv sida Visit Sunnhordland for å marknadsføre regionen som reisemål. 

Dette er ein god kanal for å nå ut med informasjonen til dei som vel å legge ferien til Sunnhordaland i sommar.

Driv du turistnæringen, bør du sjekke om du er med, og at informasjonen stemmer for sesongen.

Skal du ha eit arrangement i sommar? Veit du om ei perle du gjerne vil dele med andre? Har du ei turløype som ikkje er med?  

Ikkje ver redd for å ta kontakt med Synnøve Bakke om du har innspel!