
Visit Sunnhordland
Turistinformasjon frå Tysnes kommune
Turistsesongen startar snart og kommunen treng din hjelp for å få ut god informasjon til alle som skal ha norgesferie i år.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland driv sida Visit Sunnhordland for å marknadsføre regionen som reisemål.
Dette er ein god kanal for å nå ut med informasjonen til dei som vel å legge ferien til Sunnhordaland i sommar.
Driv du turistnæringen, bør du sjekke om du er med, og at informasjonen stemmer for sesongen.
Skal du ha eit arrangement i sommar? Veit du om ei perle du gjerne vil dele med andre? Har du ei turløype som ikkje er med?
Ikkje ver redd for å ta kontakt med Synnøve Bakke om du har innspel!