rydding strand

Vil du rydda ei strand?

Bilete: Camilla Korsnes/Bladet Tysnes

Då må du melda deg på SIM sin ryddekasjon. Det kan du gjera her 

SIM har fått ei ekstraløyving frå Miljødirektoratet og treng difor di hjelp slik at ein kan få nytta midlane på ein best mogleg måte.  Lag og organisasjonar som vil vera med å bidra til ein reinare kyst vert oppmoda til å ta kontakt med SIM, eller melda seg på strandrydding på SIM sine nettsider.

Ekstraløyvinga er på 1,8 millionar kroner og beløpet må nyttast i løpet av 2017.  Midlane skal gå til rydding av strender, og då særskilt strender som er litt utilgjengelege.  SIM-kommunane har lang kystline og det er difor mange stader det er stort behov for rydding.

Les meir om aksjonen HER.