politi-sort-hvitt-660-440

Vest Politidistrikt søkjer nye lokale for Tysnes lensmannskontor

Interessentar vert med dette bedne om å melde si interesse for å utgreie alternativ for nye lokale til Tysnes lensmannskontor. 

Politidistriktet ynskjer at kontoret skal liggje sentralt på Tysnes i området Uggdal – Våge – Lundegrend.

Det vert søkt etter moderne, fleksible og energieffektive lokale, anslagsvis  200-230 kvm brutto i eksisterande, rehabiliterte eller nye lokale, helst på  gateplan. Lokala må ha alminneleg god standard og vere sikkerheitsmessig  eigna for politiets verksemd. Lokala må vere funksjonelle og ha effektiv areal- utnytting med god fleksibilitet eigna for både landskap, cellekontor og møterom.

Lokala skal ha eigen inngang for publikumsmottak, eigen inngang for tilsette, eige server/patcherom, møterom og spiserom. Det vil i tillegg vere behov for  å etablere rom for spesialfunksjonar.

Det må vere innvendig parkering for politiet sine køyretøy, 2 stk. (med separat utkøyring/port som skal liggje nær utrykningsgarderobe/operativt lager).

For å tilfredstille tilgjenge for publikum og politiet si operative verksemd må lokala ha enkel tilkomst og tilfredstille krav til universell utforming. Lokala skal ha gode parkeringshøve for publikum, både bilar og syklar. Lokala skal vera klar seinast innan utgangen av 2020.

Innleigeprosessen fylgjer instruks om handtering av byggje- og leigesaker i statleg sivil sektor. Aktuelle interessentar må melde sitt alternativ ved å sende inn prospekt for planlagt tilbode lokale der det vert gjort greie for ovannemnde føringar innan 2. oktober 2019. I tillegg ber ein interessentar om uforpliktande å estimere pris per kvadratmeter basert på en leigeperiode på 10 år,  med moglegheit for forlenging.

Prospekt og tilhøyrande dokument sendast på e-post til siren.steffensen@politiet.no
Ytterlegare informasjon får ein ved å kontakte Politiets Fellestjenester ved Siren Steffensen, mob 905 60 265.
Alle førespurnader frå media må rettast til kommunikasjon i PFT info.pft@politiet.no