Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort i slutten av juli eller starten av august månad. Valkortet vil mellom anna innehelde opplysningar om vallokalet og opningstida på valdagen.

Valkorta blir sendt til den adressa som er registrert i folkeregisteret. Har du flytta utan å melda frå til folkeregisteret er dette grunnen til at du ikkje får valkort i posten.

Ta med valkortet når du skal røysta, det vil letta arbeidet til røystemottakaren.