2017 val

Stortings- og sametingsval 2021

Valdagen er 13.september.

Denne dagen må du røyste i heimkommunen din. Det er den kommunen du er folkeregistrert som busatt i pr. 30. juni 2021.

For å avgrensa smitterisiko oppmodar me om at flest mogleg førehandsrøyster.
Det vert halde eit godt smittevern i røystelokala.

Røystelokaler og opningstider

Måndag 13. september er valdagen, men allereie frå 1. juli til 9. august kan du tidlegrøysta. Ordinær førehandsrøysting startar tysdag 10. august og sluttar 6. september

På valdagen kan du berre røyste i heimkommunen din der du er folkeregistrert.

Har du meldt flytting etter 30.juni 2021, må du røyste i kommunen du flytta frå, eller førehandsrøyste innan fredag 9.september kl 14.00.

 

Hugs gyldig legitimasjon når du skal avgje di røyst. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort, nasjonalt ID-kort eller bankkort med bilete. Leigimasjon skal innehalde bilete, namn og fødselsdato.

Valkort

Ved kommande stortings- og sametingsval får du tilsendt valkortet ditt digitalt. Å få valkort er fyrst og framst ei stadfesting på at du har røysterett.

Det å motta valkort er ei stadfesting på at du har røysterett og at du er innført i mantal i den kommunen der du er folkeregistrert. På valkortet stård det kva valkrets du tilhøyrer, slik at det er enkelt for deg å vite kvar du skal røyste på valdagen. Dersom du tek med deg valkortet i røysterlokalet, er det enklare og raskare for valfunksjonærane å finne deg i mantal.

Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registreret dei siste 18 månadane, får tilsendt valkort op papir.

Les meir om valkort.

Har du røysterett?

Ved stortingsvalet 2021 har du røysterett dersom du er:

  • Norsk statsborgar
  • Fyller 18 år innan utgongen av 2021
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busatt i Norge

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har røysterettt sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busatt i Norge, skal dei manntallsførast i Oslo kommune.

Val i pandemi

Valet skal gjennomførast sjølv om me er i ein pandemi. Me føl valdirektoratet sin smitterettleiar og set inn nausynte smitteverntiltak for å avgrense eventuell smittespreiing.

Dei grunnleggande smitteverntiltaka er:

  • Sjuke personar skal halde seg heime
  • God hand- og hostehygiene og godt reinhald
  • Halde tilrådd avstand til andre enn sine næraste og generelt redusert kontakt mellom personar

For at me skal klare å halde avstand, vil vallokala vere utforma på ein slik måte at det vert forsvarleg både for veljaren og valmedarbeidarane.

Er du i karantene?

Velgjarar i karantene skal ikkje røyste ved eit ordinært vallokale. Dersom det er mogleg, bør personar i karantene vente med å røyste til karanteneperioden er over. 

Det vert imidlertid tilrettelagt for at personar i karantene kan møta opp ved eigne tilpassa vallokale. MEIR INFORMASJON KJEM.

Nyoppstått luftvegssymptom og/eller sjukdomkjensle?

Personar med nyoppstått luftvegssymptom og/eller sjukdomskjensle skal ikkje røyste i ordinært vallokale. Dersom det er mogleg, bør du halde deg heima til almennetilstanden er god og følgje gjeldande tilrådingar for testing. Fyrst når du er frisk og feberfri, og eit ev. negativt testresultat, kan du røyste i ordinært vallokale. Dersom du ikkje har høve til å vente med å røyste, kan du få røyste på same måte som veljarar i karantene. MEIR INFORMASJON KJEM.

Veljarar i isolasjon

Personar som har fått påvist covid-19 skal vere i isolasjon. Det same gjeld personar som er i karantene og utviklar symptom på covid-19. Personar som er i isolasjon bør så langt det er mogleg avvente med å røyste til dei er frisk og ute av isolasjon. Den siste perioden før valdagen vert det tilrettelagt for at personar i isolasjon kan røyste heime.

Når ein person i isolasjon røystar heime, bær vedkommande bruke munnbind. Valmedarbeidaren som kjem for å ta imot røysta skal også ha munnbind og augebeskytting (ev. også smittefrakk og hanskar). Smitterisikoen vert vurdert som lav, ut frå at det er svært lite behov for kontakt mellim veljar og valmedarbeidar. 

Veljarar i risikogrupper

Når naudsynte smitteverntiltak etter gjeldande smittervernrettleiar og forskrifter vert fulgt, er det truleg svært lav risiko for smitte i vallokala. Det vil normalt vere forsvarleg for personar i risikogrupper å kome til vallokalet for å avgje si røyst. Les meir informasjon på folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/risikogrupper/

 

Manntal

Manntalet er ein oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet.

Har du flytta eller folkeregisteret ikkje har motteke flyttemelding innan 30.juni 2021,  står du framleis oppført i den kommunen du flytta frå.

Du kan førehandsrøyste i Tysnes, men på valdagen må du røyste i den kommunen du er registrert i manntalet i.

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen på rådhuset så snart det er klart og fram til og med valdagen.

Les meir om manntal.

Valstyret

Valstyret er ansvarleg for gjennomføring av kommunestyre- og fylkestingsval, stortingsval og eventuelle folkeavrøytingar.

Etter vallova skal det i kvar kommune vera eit valstyre, valt av kommunestyret. I Tysnes er det formannskapet som er oppnemnt som valstyre. Ordførar er leiar i valstyret.

Valstyret er oppretta med heimel i valgloven §4.1 jf kommunelova §10. Dei vanlege sakshandamingsreglane i kommunelova om opne møte, annonsering av møte osb. gjeld for valstyret sine møte. Valstyret har som oftest møta sine på same dag som formannskapsmøta. Møta blir annonsert på nettsida

Valdirektoratet

Valdirektoratet har ansvar for den operative valgjennomføringa på landbasis.

Det overordna statlege ansvaret for valgjennomføring ligg hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), medan det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvar for den praktiske gjennomføringa av valet. Valdirektoratet er underlagt KMD, og har delegert ansvar for den operative valgjennomføringa på landbasis.

Valdirektoratet skal bidra til eit velfungerande demokrati ved å oppretthalde befolkninga sin tillit til valgjennomføring. Valdirektoratet sin overordna prioritering i 2021 er å bidra til ei konkret, trygg, open og tillitsvekkande gjennomføring av stortings- og sametingsvalet.

Les meir informasjon om valdirektoratet på valg.no