Logo ukm 2015_564x178

UKM hordaland 18. og 19. april

Fylkesmønstringa av UKM Hordaland vert i år arrangert på USF Verftet i Bergen.

Nærare 300 ungdommar frå kommunane i  Hordaland  deltek innan ulike  kategoriar m.a.  litteratur, dans, film, musikk, kunst, teater og  sjonglering.

Frå Tysnes stiller Nora & Tamara, med Nora Særsten Stien gitar/song og Tamara Natalie Helland gitar/song  og The Phoenix , med Øyvind Kleppe song/gitar,  Henrik Epland trommer, Ludvik Dalland bass og Håkon Knudsen keyboard.  Både Nora& Tamara og The Phoenix skal på scenen sundag ettermiddag der The Phoenix avsluttar fylkesmønstringa med songen « High Hopes».

Kristin Skorpen deltek på kunstutstillinga med maleriet «Tause skrik».

Kunstutstillinga opnar laurdag kl 17:00.

Programmet starter laurdag kl 14:30 og sundag kl 11:00.

Program for fylkesmønstringa finn du på: www.ukm.no/hordaland.