Fiskeoppdrett

Tysnes Fjordbruk AS - Lokaliteten Skorpo

Søknad om løyve til auka matproduksjon/biomasse, samt godkjenning av justert lægje/utforming  av anlegg på eksisterande lokalitet 25896 Skorpo i Tysnes kommune.

Tysnes Fjordbruk AS, 5694 Onarheim søkjer om løyve til å auka matproduksjonen/biomassen frå 3.100 til 3.880 tonn på lokaliteten Skorpo. Samstundes vert søkt om  nytt lægje m.m. for anlegget.

Lokaliteten ligg i eit område som i kommuneplanen  2011 – 2022 er sett av til ; Akvakultur, Ferdsle, Fiske, Natur- og Friluftsområde (AFFNF-område).

Det er Hordaland fylkeskommune som avgjer søknadar etter akvakulturlova. Tysnes kommune gjer vurdering/uttale i høve til m.a. plan- og bygningslova og forskrift om forureining.

Skriftlege merknader til søknaden / tiltaket kan sendast til Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal eller post@tysnes.kommune.no innan 25.06.2015.