
TILSKOT TIL KUNST- OG KULTURFORMIDLING
For å sikre større grad av likebehandling av søknader er det utarbeid enkle retningslinjer for kommunal støtte til kulturprosjekt som fall utanfor andre ordningar for kulturstøtte.
VEDTAK I FORMANNSKAPET 04.05.2021:
Tysnes kommune fastset følgjande mål og kriterier for vurderinga av opne søknader om støtte til kunst- og kulturuttrykk:
Mål:
- midlane skal verka og inspirera til lokalt engasjement.
- midlane skal verka og inspirera lag/organisasjonar/einskildpersonar til å dra i gang nye og gode initiativ som vil gi effekt i lokalsamfunnet og ha varig verdi.
- midlane skal verka til og inspirera til å fremja nyskaping, innovasjon og utvikling i Tysnes kommune.
Kriteria:
- Alle som søkjer må ha organisasjonsnummer.
- Søkjar eller prosjektet må ha forankring i Tysnes samfunnet.
- Det kan i utgangspunktet ikkje gjevast støtte utover kr. 20.000, til eit einskilt prosjekt. Det kan gjerast unntak der prosjektet har vesentlege verknader for marknadsføring, identitet og utvikling av Tysnes samfunnet.
- Det skal leggjast fram ein finansieringsplan for prosjektet, støtte frå andre aktørar kan tilleggjast vekt.
- Støtte er ein eingongsstøtte, det vert ikkje gjeve støtte til driftskostnader.
- Støtte vert gjeve til sluttføring av prosjekt, til dømes arrangement, utstilling, musikkinnspeling, bokutgjevingar m.m. Det vert ikkje gjeve støtte til forarbeid og konseptutvikling.
- Handsaming av kvar søknad skjer etter kvart som dei kjem inn.
- Alle søknader skal handsamast ope.
- Tiltaket/prosjektet skal gjennomførast innan eitt år etter midlar er tildelt
- Sluttrapport og rekneskap skal leverast eitt år etter midlar er tildelt
- Søknad skal sendast til post@tysnes.kommune.no
- Det skal liggja ute informasjon om mål og vilkår for ordninga på Tysnes kommune sin nettstad