Tilskot til hogst i 2020

For å hjelpe til å oppretthalde aktivitet i skognæringa og foredlingsindustrien kan skogeigarar få tilskot til å setje i gong hogstaktivitet på eigedomen sin. Ordninga er mellombels og vil gjelde for 2020.

Tenesteomtale

Tilskotet skal føre til at skogeigarar i økt grad sysselset skogsentreprenørar til å utføre skogsdrifter der det blir teke ut tømmersortiment som det er avsetning for.
Tilskot kan gå til
  • Heilmekanisert tynning
  • Heilmekaniserte drifter med høg driftskostnad
  • Skogsdrift med taubane.

Målgruppe

Skogeigarar.

Kriterium/vilkår

Vilkår for å få tilskotet er:

  • Skogen må ha meir enn 10 daa produktiv skog.
  • Skogeigar må ha gjennomførde miljøregistreringar (sjå forskrift om tilskot til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar).
  • Skogen kan ikkje vere del av ein verneprosess.
  • Skogsarealet skal ha skogbruk som formål.
  • Tiltaket må vere starta etter 12. mai 2020.

Pris for tenesta


Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Samarbeidspartnarar


Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du søkjer på ordninga digitalt via Skogfond på nett med innlogging via Altinn innlogging via Altinn.

Her finn du ein rettleiar for innlogging til Skogfond på nett.

Alternativet er å nytte papirskjema Søknad om tilskot til drift med taubane, hest o.a. (LDIR-916) eller Søknad om tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket 2020 (LDIR-929). Søknadene blir sende til kommunen.

Her kan du laste ned ein rettleiar for utfylling av søknadene.

Søknaden skal blant anna innehalde:

  •  Kartfesting av tiltaket, anten digitalt eller ved papirkopi av driftsområde
  •  Driftspris i kr/m3, basert på tilbod, kontrakt eller tilsvarande
  •  Anslått kvantum

Tilskotet blir utbetalt etter at tiltaket er gjennomført. Du må sende ei oppmoding om utbetaling til kommunen.

Siste frist for oppmoding om sluttutbetaling er 30. november 2020.

Vedlegg


Saksbehandling

Kommunen utgreier saka og gir ein fråsegn til søknaden, før saka blir sendt til fylkesmannen.
Fylkesmannen avgjer søknaden om tilskot. Fylkesmannen sett ei øvre grense for tilskotet. Dersom øvre grense blir overskride med meir enn 10 prosent kan det søkjast om tilleggstilskot.

Saksbehandlingstid


Høve til å klage

Fylkesmannen fattar vedtak om søknaden. Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til Fylkesmannen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing kan du vende deg til kommunen. Opprettheld Fylkesmannen si avgjerd, kan du klage vidare til Landbruksdirektoratet.

Tjenesten oppdatert: 16.06.2020 15:58