Illustrasjon av koronavirus

Tilråding til innbyggjarane i Tysnes kommune i samband med smittesituasjonen i Bergen

På bakgrunn av den aukande koronasmitten i Bergen, vil kriseleiinga i Tysnes kommune oppmoda alle innbyggjarar om å unngå unødvendige reiser til Bergen i dei neste 10 dagane.

Desse tilrådingane gjeld i perioden 10. september til fredag 18. september:

  • Me oppmodar alle innbyggarar som jobbar i Bergen om å bruke heimekontor så langt det er mogleg.
  • Me oppmodar om å unngå unødvendige reiser inn til Bergen og unngå plassar der mange folk er samla. 
  • Dersom du likevel må til Bergen med kollektivtransport, tilrår me bruk av munnbind dersom det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand.